Historia om Ulsteinselane
Då Godø-Lars gifta seg, eigde han eit par vakre, fargerike, broderte selar. Dei hadde forloveden hans brodert og gitt han i trulovingsgåve. Helene var søskenbarnet til Godø-Lars og kom frå Synnøvegarden på Alnes. Dei gifta seg i 1860, då Helene var 19 år. Ho broderte truleg selane i ein alder av 17-18år.
Etter dei gifta seg, busette dei seg etter kvart på Skeide i Ulstein.
I dødsbuet etter Godø-Lars fann etterkomarane desse selane og leverte dei til Sunnmøre Museum i 1932. Der er dei i dag.
Då arbeidet med den brune, rekonstruerte mannsbunaden vart sett i gang tidleg på 1980-talet, vart desse selane leita fram og rekonstruert. Dei var då i hovudsak tenkt brukt til den brune mannsbunaden, men også den svarte.
Dei originale selane var korte. Buksene var generelt høgare og folk gjerne lågare. Selane vart difor laga og selde i tre ulike lengder.
Den lengste varianten har likevel vore for kort til lange karar, og til den svarte mannsbunaden. Den buksa er lågare i livet.
I 2026 laga eg, Mona, ein forlenga versjon der eg repeterer nokre element i broderiet. No er selane meir tilpassa den svarte mannsbunaden som er den mest brukte bunaden på Sunnmøre.
Selane bør brukast berre ilag med skjorta og ikkje under vest/jakke. Dette er eit festplagg og eit smykke når ein må kaste jakka og vesten.
Det er ikkje elastisitet i selane.