Skaut til kvinnebunad frå Sunnmøre
- Brodering -
Om du vil brodere jenteskautet eller koneskautet kan du gå på same kurs. Koneskautet er brodert i krossting med svart broderigarn. Jenteskautet er i mange fargar. Jenteskautet har i tillegg fleire sting som du får lære. På kurset får du lære korleis ein broderer krossting slik at det blir pent på baksida! Kurset har også litt monteringsarbeid slik at skautet er ferdig til bruk når kurset er over. Materialpakke får du kjøpe her hos meg.
Varigheit: ½ år
18 timar/6 kveldar
Cape til kvinnebunad frå Sunnmøre
- Montering -
På våre kantar kan det vere kaldt og vindfullt. Eg monterer derfor berre cape med fòr. I kursavgifta ligg fòr til capen, som er eit svart, tynt og lett ull-fòr. Mykje av capen blir montert med symaskin og du må ha med di eiga maskin på kurset. Det er ein fordel at du har sydd litt på maskin før kurset. Det er litt heimearbeid mellom kurskveldane. Eg sel stoff og alt materiale til capen.
Varigheit: ½ år
15 timar/5 kveldar
Ulsteinselane
- Brodering & Montering -
Desse selane er utarbeidde til den brune mannsbunaden og høyrer heime i den same tids-epoka, truleg frå før 1860. Selane er ein kopi og har tilhøyrt Godø-Lars som kom frå Godøya. Han gifta seg med Helene og vart busett på garden hennar på Skeide, der også selane vart funnen. Det er truleg Helene som har brodert selane som ei brudgomsgåve til Lars. Desse selane kan også brukast til den svarte mannsbunaden, som er den mest brukte bunaden på Sunnmøre.
På kurset får du lære alle stinga du treng, og selane vert også montert etter mål. Materealpakke får du kjøpt her hos meg.
Varigheit: Eitt år
21 timar/7 kveldar